Finn fram fargeblyantane!
Her er ei teikning du kan skrive ut og fargelegge. Vil du ha originale fargar, finn du traktoren på veteransida i BG nr. 1 2011. Men sjølvsagt kan du også bruke akkurat dei fargane du sjølv vil.
Du kan skrive ut teikninga og fargelegge den med blyant. Om du har eit dataprogram på maskina der du kan legge på fargar, kan du prøve det.
Klikk her for å opne teikninga. Høgreklikk på biletet som kjem opp, og velg "lagre bildet", "skriv ut bildet" eller noko tilsvarande. Under ser du korleis teikninga ser ut, og klikkar du på lenka, får du det i stort format.

Traktoren er ein John Deere 2040, som vi omtaler på veteransida i Bedre Gardsdrift nr. 1 2011. Der ser du kva fargar traktoren eigentleg har, men du kan også bruke heilt andre fargar.
Ver så god, kos deg!
Nøkkelord:
BG Junior




Tips en venn