Søk
RSS Nyheter
Nyhetsbrev
Abonnere
Redaktøransvar
Redaktøransvar

Kjøpekontrakt for brukt traktor

Folk har spurd oss om hjelp, og vi svarer: No finn du kjøpekontrakt for brukte traktorar på her gardsdrift.no, til fri bruk.

Uansett tilstand på traktoren, ein kjøpekontrakt er lurt å ha.

Avtalen finn du her.

 

I mange år har folk spurd oss om vi kjenner til ein brukbar kjøpekontrakt for brukttraktorar, for å ha noko meir traktor-tilpassa enn NAFs kjøpekontrakt for bruktbil.

Nokon eigen avtale for brukttraktor har ikkje vi heller klart å spore opp. Så difor lagar vi ein sjølv. Ein ganske så komplett kontrakt du kan laste ned og skrive ut, heilt gratis, her på www.gardsdrift.no.

Enkel og trygg

Når bønder handlar seg imellom, er det som ved all annan handel mellom næringsdrivande: Forbrukarkjøpslova gjeld ikkje, og det som ikkje er omtalt i kjøpekontrakten, er det heller ingen andre som kan hjelpe deg med. Difor er det lurt å få med alt som er vesentleg, men vi i Bedre Garddrift likar heller ikkje å gjere ting for komplisert.

Difor er kontrakten vi no legg ut slik at det aller meste er laga for å sette kryss eller skrive inn ei enkel opplysning, på same tid som du har brukbart med plass til å legge inn ting du meiner er viktig å få med.

Liste over utstyr

Nokre kjøper traktor usett, eller rettare sagt: Dei ser fine bilete på internettet, ringjer seljaren og får traktoren levert. Då kan det vere greitt med ei grundig liste på kva utstyr som følgjer med. Ei slik liste har vi tilrettelagt for, der du kan krysse ut for dei mest vanlege tinga, og føye til andre opplysningar der det er naturleg. Her er også plass til omtale av vesentlege reparasjonar og den slags, pluss ei eiga ramme om korleis oppgjeret skal gå føre seg.

Gi oss tilbakemelding

Kontrakten som no ligg ute er første versjon. Den er klar til bruk, men vi har ynskje om å gjere den enda betre. Har du tips, framlegg til endringar eller andre tilbakemeldingar, trykk på namnet lengst oppe i artikkelen og send oss ei melding!

Klikk her for å laste ned dokumentet!

Del på:

Tips en venn

Kommentarer til artikkelen

Legg til ny kommentar:
  • Vis respekt for andre lesere og omtalte personer. Kommentaren kan være inntil 1000 tegn.

Traktoroversikten