Vil ivareta både landbruk og tryggleik
Det er inga usemje mellom landbruket og styresmaktene om at trafikktryggleik har førsteprioritet. Landbruket har behov for å bruke vegen, og det behovet ville blitt unødig hindra med den såkalla femkilometersregelen. Det seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete til Bedre Gardsrift.
- Vi ser at noko må gjerast straks. Den beste løysinga vi kan finne på kort sikt, er å endre tolkinga av kort avstand til 34 kilometer, gjeldande for komande år. Vi skal få på plass permanente ordningar, men for å gjere det skikkeleg treng vi litt meir tid. Difor tar vi dette i to steg. Trinn to er at ei arbeidsgruppe gå gjennom regelverket meir i detalj. Første juni skal gruppa legge fram arbeidet sitt. Så skal dette ut på høyring, og i løpet av hausten skal permanente ordningar vere på plass, opplyser Navarsete til Bedre Gardsdrift.
- Avklaringa av 34 kilometer er ei pressisering av eitt av dei fire ledda i forskrifta. Då står vi att med definisjonen av kva som er forflytning, kva som er landbruksreiskap og kva som er vanlig bruk.
- Dette er ting som den nemnde gruppa må jobbe med. Det prekære var å få gjort noko med den såkalla femkilometersregelen, svarer Navarsete.
Gruppa som skal arbeide med det framtidige regelverket blir sett ned i løpet av komande veke. Det er såleis enno ikkje bestemt kven som skal vere med der. Navarsete understrekar at ho ynskjer å ha med folk med landbruksfagleg og landbruksteknisk kompetanse, ikkje nødvendigvis berre frå landbruksorganisasjonane. Gruppa skal elles vere breitt samansett.
- Her er særleg tre faktorar som må vere med i vurderingane. Trafikktryggleik, framkomst og landbrukets behov, seier ministeren.
Endringane kjem etter at fleire ulike aktørar i landbruket har tatt kontakt.
Les også
Kortere avstand økes fra fem til 34 km
Vil fjerne
Protest også frå Sogn og Fjordane
Kvifor gjer vi dette?
Bondeopprøret mot 5-kilometersregelen sprer seg
Avskaff "fem kilometers regelen"




Tips en venn