Re: Presse 50-100 baller (21.07.2011 15:58)
Har same problemstillings sjølv. Kjøpte difor presse til 15000 i fjor, og jaktar på passande pakkar. Det ser ut til å bli verste nøtta å knekke innan eit leveleg budsjett.
Motivasjonen min er enkel: Eg er ein alt for liten kunde til at ein entreprenør kan ta seg tid til skikkeleg fortørking etc. Entreprenørpressa ballar betydde mykje arbeid med øks vinterstid, mens sjølvpressa ball (utan kutting) kunne rullast fint ut, utan særlege frostproblem. Delar av jorda mi toler nesten ingenting, så bruk av entreprenør ville enten betydd store kostnader til grøfting, eller brakklegging. No kan eg bruke liten traktor med tvilling, og kjem fram nesten når som helst.
Eg ser absolutt poenget med at det rekna pr. ball kan lønne seg å leige entreprenør, men mitt reknestykke omfattar fleire faktorar. Til dømes at eg ved godt ver kan lage høy, og kjem det regn, kan eg straks balle nesten tørt gras og likevel berge god kvalitet, når det passar meg. Så får eg heller bruke litt meir tid på å skru.
Tidsbruken kjem heilt an på transportavstand, tilgang på mannskap, korleis teigane dine ser ut osv. Under ugreie forhold klarer eg åleine 20 ballar på ein lang ettermiddag/kveld.
Pakking er jo best jo før jo heller, men også det er jo eit kompromiss. Så lenge bøndene i Gudbrandsdalen pressar ballen på fjellet, ventar på transport med tømmerbilen og pakkar ballane etter avlasting nede i dalbotnen, bør det jo gå bra for oss andre å bruke nokre timar og.